tirsdag 7. oktober 2008

Ingunns tips for betre nynorsk

Eg har retta mykje nynorsk dei siste vekene og kan dermed seie litt meir om kva de treng å bli betre i. Det er nokre feil som går igjen hos mange av dykk.

  1. "Man" er eit reint bokmålsord. Det kan ikkje brukast i nynorsk. Hugs det no. Bruk berre "ein".
  2. "Eigen" må bli bøygd i samsvar med substantivet. Det vil seie at det heiter "sin eigen bil (hankjøn) "si eiga bok (hokjøn), "sitt eige hus" (inkjekjøn) og sine eigne born (fleirtal). Hugs dette. Det same gjeld "nokon", men om de nyttar "noen" i staden for vil de unngå heile problemstillinga. Det blir ikkje bøygd, nemleg.
  3. Det er ofte betre å bruke verbet å bli-blei-har blitt i staden for å verte-vart-har vorte. Sistnemnte blir så lett blanda saman med å vere -var-har vore. Ikkje skriv vart dersom de meiner var.

Les meir nynorsk. Det gjer at de mykje lettare forstår kva som er god stiltone og språkføring i moderne nynorsk. Eg kan særskilt anbefale Frode Gryttens noveller og kollektivromanar, for eksempel Bikubesong (1999), Popsongar (2001) eller Rom ved havet, rom i byen (2007). Gode tekster på lett tilgjengeleg nynorsk med tema som gjeld alle. Du finn dei mellom anna på Skulebiblioteket.

Foto: "I am very stupid.. but I know how to build a pyramid". CC-lisensiert av semola1 på Flickr. Ingen har lova at alt arbeid skal vere enkelt, men av og til gjer stor innsats fantastiske resultat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar