onsdag 8. oktober 2008

Problem med pronomen

Eg vil nytte høvet til å skrive om pronomen på nynorsk. Det er mange som har vanskar med dei personlege pronomena – særskilt ’de’ (dere) og ’dykk’ (dere). Vi tek for oss eit døme:

Bokmål: Dere må huske å ta med boka deres til timen, uten den vil dere ikke lære dere noe.

Nynorsk: De må hugse å ta med boka dykkar til timen, utan ho vil de ikkje lære dykk noko.

Eit råd er å setje inn du/deg der du ikkje er sikker på om du skal nytte ’de’ eller ’dykk’.
Det vil seie: Du må hugse å ta med boka di til timen, utan ho vil du ikkje lære deg noko.
Der du finn forma ’du’, skal du setje inn ’de’ (subjektsforma). Der du finn ’deg’, skal du setje inn ’dykk’ (objektsforma). Dette gjeld ikkje så ofte i tekstane de skriv, men det skurrar fælt i øyro til ein (ny)norsklærar.

Hugs at ’de’ og ’dem’ – 3. person fleirtal – ikkje nyttast på nynorsk, men ’dei’ og ’dei’. Eg saknar også at de er konsekvente med formene. Det vil seie at du bør anten nytte ’vi’ eller ’me’ når du skriv - ikkje bruk båe i ein og same tekst.

Eg trur de ville ha godt av å lære dykk eit par viktige verbbøyingar:
å sjå – ser – såg – sett.
å vere – er – var – vore.
å seie – seier – sa – sagt.
Dei framheva formene er ofte skrivne feil. Desse (ikkje ’disse’ – det tyder i røynda ’riste’) verba er så vanlege at dei må lærast utanåt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar