
Stavekontrollen rettar ikkje ordet man, sjøl om Ingunn seier det er galt. Det er fordi ordet finnst på nynorsk, men der tyder det håret til hesten. Ordet følar blir heller ikkje retta, sjølv om det er feil når ein har kjensler i tankane. Det er nemleg det hoppa gjer når ho sett eit føl til verda. Her kan det bli vel mye hest. Eller hva seier de om presensforma gjeldar? De skriv nok dette ordet og tenkjer "har med å gjere", men på nynorsk er det langt verre ting som går føre seg. Kastrering rett og slett - anten det gjeld hest eller gris. Eg slår derfor eit slag for manuell korrektur, og den bør de alltid ta bakfrå.
Orkar de ikkje å lese meir nynorsk etter dette, kan de med fordel lytte til artistar som sett nynorsk tekst til musikken sin. Dei er det mange gode av, og Odd Nordstoga er nå min favoritt. Kanskje det er gjelding på gang når det gjeld grisen som står og hyler?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar