mandag 27. oktober 2008

Mangakveld

Den siste gruppa var på Litteraturhuset for å sjå ein mangafilm. Filmen heitte ”Nausicaä of the Valley of the Wind” og vart regisert av den kjende mangafilmskaparen Hayao Miyazakis i 1984. Nausicaä er ein dystopisk film. Insekta og skogen dominerer jorda. Det er berre nokre få stader der menneskja kan bu. Dei ulike gruppene med menneskjer klarer korkje å leve i fred med kvarandre eller naturen. Gruppene vil utrydde dei andre og brenne skogen der insekta held til. Kan dette ende bra? I ”dalen der vinden blæs” bur Nausicaä. Ho er hovudpersonen i filmen, og i denne dalen er ho prinsesse. Nausicaä er ei ung jente med særskilte evner. Ho kan slåst som Muhammed Ali og har ein spesiell kontakt med dyra. Ho er ein god person og ynskjer fred mellom menneskje og dyr. Om ho klarer det, er det berre 35 elevar frå Sandvika som veit.
Etter filmen var det fyrst eit foredrag om Studio Ghibli og dei filmane som har vorte produserte der. ”Grave of the fireflies” (Grava til eldflugene) og ”Ghost in the shell” (Skrømtet i skjelet) var to filmar som vi vart råda til å sjå. Da foredraget var over, var det ein paneldebatt med meir eller mindre unge menn. Nokre vil kalle dei nerdar, andre vil seie ekspertar. Nerd-ekspertane hadde eit ordskifte om utviklinga til anime og manga. Dei meinte mellom anna at anime/manga er på veg til å slå igjennom for eit større publikum. Kva trur de?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar