onsdag 3. september 2008

Skriving på den eine og den andre måten

20080903_1

Denne veka har vi så langt hatt meir om språkhistorie, vi har starta opp blogging med halvparten av dykk, og de har skrive den første nynorskteksten dette året. I morgon skal resten gjere det same. Det å skrive ein blogg er noko som mange er usikre på, og det kan eg forstå. Men ver trygge på at de kjem til å bli fortrulege med det etterkvart. Vi skal arbeide på mange frontar samstundes på fagdagane våre, men noko som alltid må liggje i botnen av undervisninga er skriveopplæringa. Dersom de ønskjer å bli gode til å skrive må de nemleg skrive mykje. Her kan bloggen vere til nytte. Det er faktisk enklare å skrive ofte dersom ein har ein blogg å publisere teksten på. I tillegg til dette kan de auke den digitale kompetansen dykkar, og de kan lære meir om samansette tekstar. Eg vonar og at de kjem til å oppleve meir skriveglede når det er fleire enn oss lærarar som les det de skriv. Sjølv har eg ikkje lært så mykje nytt på mange år som etter at eg byrja å blogge. Men blogging er ikkje den einaste vegen til lukka, så meir tradisjonelle tekstar blir det sjølvagt og tid til å skrive.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar